Geoteknikar

Stillinga går ut på å vidareutvikle og administrere dei geotekniske leveransane til Sunnfjord Geo Center. I dag har vi to medarbeidarar som jobbar med geoteknikk, samt nokre eksterne samarbeidspartnarar. Ein del av ansvaret vil vere å koordinere desse aktivitetane gjennom dei ulike prosjekta, samt planlegge og styre bruk av underleverandørar. Stillinga inneberer deltaking i ein stor variasjon av oppdrag, som vurdering av stabilitet og setning, byggegroper, fundamentering, drenering, kvikkleireproblematikk og stabiliserande tiltak. I grove trekk vil stillinga omfatte:
– Planlegging, gjennomføring og rapportering av grunnundersøkingar.
– Utarbeiding av boreplanar.
– Organisere laboratorieundersøkingar og tolke resultat frå desse
– Koordinering av medarbeidarar, samarbeidspartnarar og underleverandørar gjennom ulike prosjekt
– Stabilitetsberekningar
– Setningsberekningar
– Prosjektering av fundament og stabiliserande tiltak
– Generell geoteknisk rådgjeving
– Kundeoppfølgjing
– Vidareutvikling og kvalitetssikring av Sunnfjord Geo Center sine geotekniske leveransar

Har du spørsmål knytt til stillinga? Ikkje nøl med å ta kontakt.