Kontor­medarbeidar

Det administrative arbeidet vert i dag fordelt mellom ein prosjektkoordinator og ein dagleg leiar. Vi ser etter ein person som kan avlaste ein del av dette arbeidet og samstundes vere med å utvikle selskapet vidare. Vedkomande bør ha gode kommunikative og logistiske evner sidan ein stor del av arbeidet vil innebere kontakt med kundar og koordinering av medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene vil i grove trekk vere:
– Telefon- og e-post-mottak.
– Kundehandsaming.
– Koordinering av prosjekt.
– Tilbodsskriving.
– Føring av prosjektrekneskap.
– Handsaming av reiserekningar og innkomande fakturaer.
– Fakturering.
– Lønnsutbetaling.
– Oppfølging av personale.
– Elles bidra til utvikling i selskapet.

Har du spørsmål knytt til stillinga? Ikkje nøl med å ta kontakt.