På grunn av aukande pågang av oppdrag ser vi for tida etter hydrolog eller sivilingeniør med kompetanse innan flaumfarevurdering, overvatn og vassdragsteknikk.
Vi er interessert i både nyutdanna og erfarne kandidatar. Som hydrolog hjå Sunnfjord Geo Center vil du få høve til å utvikle våre leveransansar og du vil delta i ein spanande kvardag med varierte arbeidsoppgåver. Stillinga vil mellom anna omfatte:
• Flaumfarevurderingar i samsvar med TEK17 og NVE sine retningslijner
• Kartlegging av erosjonsfare
• Kartlegging av flaumvegar og kritiske punkt i bratte bekkar
• Utgreiing og prosjektering av sikringstiltak mot flaum og erosjon
• Tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i Sunnfjord Geo Center
• Vidareutvikling av selskapet si flaumavdeling
Er du interessert i å høyre meir? Ikkje nøl med å ta kontakt.