Ekskursjonar og føredrag – Sunnfjord Geo Center

Ekskursjonar og føredrag

Geologi er eit vidt fag, som strekk seg frå små krystallstrukturar til storskala kontinentaldrift. Og gjennom kvardagsliv og mediebilete forheld vi oss til geologi, om det så er oljeutvinning, gruvedrift, skredfare eller klimaendringar. Vestlandet er eit eldorado for dei som er interessert i dette. Og landskapet rundt oss og grunnen under oss kan fortelje ei meir spanande historie enn mange er klar over.

Sunnfjord Geo Center si avdeling for kunnskapsformidling kan tilby både ekskursjonar og eit utval føredrag ved vår eigen breforskar, professor Atle Nesje. Per i dag har vi fem ekskursjonslokalitetar der vi kombinerer naturopplevingar, fagkunnskap og kanskje til og med ein middag. Desse lokalitetane er fine turar og opplevingar i seg sjølv, og krydra med geofag trur vi dette er eit spanande program, både for fagfolk og lekfolk.

Briksdalsbreen – ein gigant på vikande front
Erdalen – korleis ein dal vert skapt
Hoven – frå fjord til fjell, frå bre til hav
Brurastakken – då to kontinent kolliderte
Førde – det er kraft i det rennande vatnet

Vi tilbyr også ni ulike føredrag. Desse varer i utgangspunktet i 45-60 min, men kan tilpassast. Dei kan også kombinerast med ein eller fleire av dei nemnde ekskursjonane. Vi kan skreddarsy både rute og innhald etter storleik, førehandskunnskap og ønske for kvar enkelt gruppe eller arrangement.

Oversikt over føredrag

For prisar, bestilling eller meir informasjon, ta kontakt med Atle på telefon 913 92 574 eller e-post atle@sunnfjordgeocenter.no.

Ekskursjonar

Briksdalsbreen – ein gigant på vikande front

Denne ekskursjonen tek deg 18 000 år attende i tid. Til ei tid då eit grått og nakent steinlandskap byrja å kome til syne i dagslys, etter 100 000 år under eit ugjennomtrengjeleg teppe av is. Ved foten av Briksdalsbreen i Oldedalen kan ein oppleve korleis landskapet i Noreg såg ut denne første tida etter at isavsmeltinga byrja. Breforskar Atle Nesje er guide på denne tidsreisa. Han fortel om korleis innlandsisen trakk seg tilbake og forma landskapet på sin veg. Vidare vert linjene trekt til dei brevariasjonane vi i dag ser som følgje av klimaendringar.

Turen skjer til fots på veg/god sti frå Brisdalsbre fjellstove, inst i Oldedalen, og herifrå er det om lag 30 minutts gange opp til breen. Det er også mogleg å kombinere denne turen med mat og drikke i «Steinalderhola» ved Melkevoll Bretun.

Praktisk informasjon:

• Tema: Kvartærgeologi, klimaendringar og brevariasjonar
• Guide: Atle Nesje, Sunnfjord Geo Center
• Frammøtestad: Parkeringsplassen ved Briksdalsbre Fjellstove
• Deltakarar: Maksimum 20 stk.
• Lengde: Om lag 3 timar
• Ta med mat og drikke (eventuelt: Kortreist mat frå Aabrekk gard i «Steinalderhola» på Melkevoll Bretun. Pris per person: om lag kr. 300.)
• Pris: Etter avtale

Foto: Atle Nesje

Til oversikten over ekskursjonar

Erdalen – korleis ein dal vert skapt

Det tek tid å lage ein dal. Nærare bestemt 2,6 millionar år. I den geologiske perioden som er kalla kvartær har Noreg vore prega av 40 – 50 istider då landet har vore meir eller mindre dekka av innlandsis. Breane har vore i rørsle og erodert ut det landskapet vi har i dag.

Denne ekskursjonen går til Erdalen i Oppstryn. Erdalen utgjer eit mektig landskap og eit lærebokeksempel på ein U-dal, ei perfekt scene for å gjenfortelle den naturgeografiske historia til Noreg. Dalen ligg i søraustenden av Oppstrynsvatnet i Stryn kommune, Sogn og Fjordane. Den guida turen skjer til fots på god tursti (Greidung – Vesledalssetra). Her tek ein for seg geologien i området og korleis det mektige landskapet vart forma. Ein vil òg kunne sjå spor etter isavsmelting og skred i området. Breforskar Atle Nesje er vår guide.

Praktisk informasjon:

• Tema: Geologi, landformer, isavsmelting og skred
• Guide: Atle Nesje, Sunnfjord Geo Center
• Frammøtestad: Parkeringsplassen på Greidung
• Deltakarar: Maksimum 20 stk.
• Lengde: Om lag 4 timar
• Ta med mat og drikke
• Pris: Etter avtale

Foto: Atle Nesje
Til oversikten over ekskursjonar

Hoven – frå fjord til fjell, frå bre til hav

Frå fjella Hoven (1011 m o.h.) og Skredfjellet (1155 m o.h.) i Loen kan ein sjå frå Jostedalsbreen i aust til Nordsjøen i vest. Desse lokalitetane utgjer dermed orkesterplass når historia om danninga av Nordfjorden skal forteljast – om isen som grov ut landet og la det att som sand i havet. Men lenge før istidene var denne scena allereie tilrettelagt av storskala kontinentale rørsler.

På denne turen nyttar vi Loen Skylift, som er ei pendelbane frå fjøresteinane i Loen til toppen av Hoven, og går deretter til fots langs gangveg til Skredfjellet. Her vil Einar Alsaker og Atle Nesje fortelje om høvesvis berggrunnsgeologien og lausmassegeologien langs fjorden. Her kan ein også avslutte dagen med ein middag på Hoven restaurant.

Praktisk informasjon:

• Tema: Geologi og landformer i Nordfjord
• Guide: Atle Nesje og Einar Alsaker, Sunnfjord Geo Center
• Frammøtestad: Loen Skylift nedre stasjon
• Deltakarar: Maksimum 20 stk
• Lengde: Om lag 4 timar
• Ta med mat og drikke (eventuelt: Middag i restauranten på Hoven 1011 m o.h. Individuell bestilling og betaling av mat og drikke.)
• Pris: Etter avtale. Billett vaksen t/r med Loen Skylift: kr. 505,-

Foto: Atle Nesje

Til oversikten over ekskursjonar

Brurastakken – då to kontinent kolliderte

For 500 millionar år sidan hende det noko som skulle få konsekvensar for Noreg for all ettertid. Kontinenta som seinare skulle bli kalla Europa og Nord-Amerika kolliderte, og Vestlandet låg i sentrum av dette. Resultatet var at det bygde seg opp ein fjellkjede, større enn dagens Himalaya. Og om danninga av denne fjellkjeden var dramatisk nok skulle ikkje dens endelikt gå noko fredelegare for seg.

Heile denne historia står nedskrive i ein liten bergknaus på Atløy. Brurastakken er verdskjend på grunn av dei store og tydelege faldingane i berggrunnen, som har vore eit kjærkome landemerke for sjøfolk og i dag er ein populær ekskursjonslokalitet for dei som vil studere storskala geologi. Sunnfjord Geo Center har lang erfaring med ekskusjonar hit. Denne guida turen skjer til fots på sti og hovudtemaet her vil være berggrunnsgeologien i Sunnfjord. Strukturgeolog Einar Alsaker er vår guide.

Praktisk informasjon:

• Tema: Geologien i Sunnfjord
• Guide: Einar Alsaker, Sunnfjord Geo Center
• Frammøtestad: Ferjekaia i Askvoll
• Deltakarar: Maksimum 20 stk.
• Lengde: Om lag 4 timar
• Ta med mat og drikke
• Pris: Etter avtale. Ferjebillett Askvoll-Atløy t/r, samt privat biltransport vert i tillegg til prisen.

Foto: Atle Nesje
Til oversikten over ekskursjonar

Førde – det er kraft i det rennande vatnet

Når ein heil innlandsis skal smelte vekk, vert det produsert store mengder vatn. Og at både is og vatn innehar store krefter er geologien i Førde eit tydeleg prov på. Restar etter mektige isranddelta vart avsette rett etter at isen trekte seg tilbake for om lag 10 000 år sidan, og desse kan observerast langs Førdedalen. Desse avsetjingane fortel oss om klimaendringar, tidlegare havnivå og elveprosessar. Og som ei ramme rundt denne historia utøver Jølstra dei same kreftene den dag i dag, berre i mindre skala.

På denne guida turen nyttar vi oss av biltransport. Ved ulike stopp i Førde tek vi for oss geologien i området og korleis den geologiske utviklinga og dei geologiske prosessane har påverka landskapet. Einar Alsaker og Atle Nesje mfl. er våre guidar.

Praktisk informasjon:

• Tema: Geologi, landskapsutvikling, isavsmelting og havnivåendringar i Førde-området
• Guide: Einar Alsaker, Atle Nesje mfl., Sunnfjord Geo Center
• Frammøtestad: Scandic Sunnfjord Hotell & Spa, Storehagen 2, Førde
• Deltakarar: Maksimum 40 stk.
• Lengde: Om lag 3 timar
• Ta med mat og drikke
• Pris guiding: Etter avtale (transport med privatbilar)

Foto: Førde kommune

Til oversikten over ekskursjonar

Føredrag

Føredrag ved Atle Nesje

• «Nordfjord – frå fjellkjede til fjord, og frå stein til jord»
• «Skredfarekartlegging»
• «Klimavariasjonar – naturlege og/eller menneskeskapte?»
• «Kva skjer med breane våre?»
• «Klimautfordringar i Sogn og Fjordane»
• «Korleis vart fjordane på Vestlandet utforma?»
• «Flaumar i historisk tid på Vestlandet»
• «Naturfarehendingar i Noreg»
• «Vegar før vegar var – ferdsel- og driftevegar over fjell og bre rundt Jostedalsbreen»

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Atle Nesje på telefon 913 92 574 eller e-post atle@sunnfjordgeocenter.no.