Om oss – Sunnfjord Geo Center

Om oss

Både menneska og verdiane som Sunnfjord Geo Center er bygd opp av har sitt utspring mellom mektige fjell og eigenrådige vassdrag. Vakre omgjevnader inspirerer oss kvar dag, men vi kjenner også fortida til desse omgjevnadane. Det er ei dramatisk historie om natur som vanskeleg let seg temje. Frå hovudsete i Stongfjorden ser vi dagleg opp mot det bratte Stangsfjellet og tenker «Kortid vil du igjen vise di makt?». Og vi veit at over heile Noreg bur det menneske som tenker det same om sitt fjell, si elv, sin grunn, sin natur. Vi veit at norsk natur møter ærefrykt og vi veit at norsk natur krev respekt.

Sidan Sunnfjord Geo Center vart etablert i 2012 har vi, med denne erkjenninga som fundament, bygd vår visjon om at alle kan oppnå å leve i eit trygt miljø, på lag med naturen. Vårt daglege arbeid er å bidra til denne tryggleiken gjennom vår kunnskap og vår erfaring.

Geologane i Sunnfjord Geo Center er høgt utdanna og dedikerte, med ei jordnær, men profesjonell tilnærming til våre oppdrag. Vi er eit senter av kunnskap om korleis fjell, lausmassar, vatn og snø har oppførd seg og vil oppføre seg. Vi har samstundes eit sterkt fokus på å halde oss oppdatert på lovverk, forsking og sikringsteknologi. Og i eit globalt klima som endrar seg må vi vere budd på stadig nye faglege utfordringar.

Med kunnskap om fortida vil vi hjelpe deg i møtet med framtida.

Vi har fem kundeverdiar som vi baserer verksemda vår på. Dei er:

  • Tryggleik og nærleik
  • Fagleg integritet
  • Miljø- og samfunnsansvar
  • Rask og presis respons
  • Glede i alt vi gjer

Kjappe fakta

  • Sunnfjord Geo Center vart etablert i Stongfjorden i Askvoll kommune i 2012.
  • Sidan starten har selskapet gjennomgått fleire omstruktureringar i samband med vekst og nye forretningsområde.
  • Selskapet har ei veksande gruppe medarbeidarar som består av både faste tilsette og prosjekttilsette.
  • Sunnfjord Geo Center har sitt opphav og sin hovudbase i Stongfjorden i Askvoll kommune og tar oppdrag over heile landet.