Prosjekt

Sunnfjord Geo Center arbeider med varierte typer oppdrag innan geofare og geoteknikk. På denne sida finn du tre prosjekt som gje ein liten peikepinn på korleis vår arbeidskvardag er.


Skredfarekartlegging ved næringsområde i Oldedalen

I 2015 gjennomførde vi ei flaum- og skredfarevurdering ved eit næringsområde i Oldedalen i Stryn kommune. Landskapet i dette området er prega av skredvifter, kjempeblokker og smeltevassdrag.

På bileta vurderer Einar og Anders sprekkemønsteret i fjellet ovanfor dalen, registrerer form og storleik på skredblokkene, og kartlegg terrenget elles. Forvitringsgrad og vegetasjonsdekke seier noko om kor gamle skredblokkene er i forhold til kvarandre, og kan brukast til å vurdere aktiviteten i skredura.

Målet for slike skredfarevurderingar er å fastsette grensa for kor langt eit sannsynleg 100-, 1000- og 5000-årsskred vil nå. Dette har blitt eit krav for byggesaker i alle skredutsette områder.


Flaumfarekartlegging på Kvam

I juni 2011 vart store delar av Kvam i Nord-Fron kommune øydelagd av flaum då Storåa og Vetleåa gjekk over sine breidder. Berre to år seinare gjentok tragedien seg, med endå større skadeomfang enn tidlegare. Heile 18 hus vart meir eller mindre totalskadd og Gjensidige forsikring engasjerte i etterkant Sunnfjord Geo Center for å identifisere årsaka til hendingane og kva tiltak som burde ha vore gjort for å unngå øydeleggingane.

Gjennom fleire dagars feltarbeid gjorde vi ei grundig kartlegging av nedslagsfeltet for nedbør, elveløpa og gjennomføringar under hus og veg. For flaumfarevurderingar nyttar vi gjerne topografiske modelleringsverkty og samanstiller resultata herifrå med observasjonar vi gjer oss i felt. Det ligg også mange timars arbeid i gjennomgang av flaumhistorikk, klimastatistikk og klimaprognosar.

På Kvam fekk vi gjennom intervju med lokalbefolkninga vite at det øydeleggande vatnet hadde flauma i pulsar som elvekanalane i sentrum ikkje hadde klart å drenere vidare. Lenger oppe i dalen viste store sår i lausmasseravinane at utallege jordskred måtte ha demma opp elva og føresaka desse flaumpulsane etter kvart som demningane brast.


Via ferrata på Hornelen

På Nord-Europa si høgaste kystklippe, Hornelen (860 m o.h.) i Bremanger kommune, har ein greia ut føresetnadane for å etablere ei klatrerute, via ferrata, for turistar. I dette høvet vart vi engasjert for å vurdere skredfaren i fjellsida og føreslå den best eigna trasèen for ei slik rute og tilhøyrande tilkomststi.

I dette prosjektet gjorde vi ei innleiande kartlegging frå bakkenivå og gjekk etter kvart meir detaljert til verks ved bruk av helikopter. Gjennom tett kontakt med oppdragsgjevar og sikringsmannskap kunne vi tilrå den tryggaste og praktisk mest eigna klatretraseen.

Denne typen arbeid omfattar også ofte ei vurdering av kva type sikringstiltak som er nødvendig. Ved eit så langstrekt feltområde kan ein møte på mange typar utfordringar og ulike typar sikringstiltak kan derfor gjere seg gjeldande. Her er dialog med entreprenør alfa omega.

Brei kompetanse

Sunnfjord Geo Center arbeider med geofarevurderingar, geoteknikk og formidling innan desse fagfelta.

Les meir om våre tenester her.