Tenester

Geofarevurderingar

Eit større fokus på klimaendringar og geofarar, samt eit strengare regelverk har gjort behovet for geologiske vurderingar større enn nokon sinne. Geofarevurderingane til SGC inkluderer faresonekartlegging av flaum, lausmasseskred, kvikkleireskred, skred frå fast fjell, snøskred og sørpeskred.

Dei fleste prosjekta våre er innanfor arealplanlegging, byggesaker og forsikringssaker, men vi tek også på oss enkle, skreddarsydde oppdrag for privatpersonar. Våre leveransar imøtekjem NVE sine retningslinjer for skredfarekartlegging og byggteknisk forskrift (TEK10). Dersom vi påviser geofarar vil vi kunne føreslå sikringstiltak, og der det er behov vil vi kunne følgje opp kunde og entreprenør med geofagleg rådgjeving under utbygging av sikringstiltak.

Ei tverrfagleg samansett faggruppe av både faste tilsette og prosjekttilsette, gjev oss ein dynamisk selskapsstruktur. Vi kan derfor stort sett starte opp eit prosjekt 1-2 veker etter tildeling.

Geoteknikk

SGC sitt arbeid innanfor geoteknikk omfattar stabilitetsvurderingar av grunn, stort sett innanfor byggeprosjekt. Vi har erfaring med denne typen prosjekt både på sjø og land. Der det er behov gjennomfører vi totalsondering med borerigg, poretrykksmålingar og kjernetaking med påfølgjande laboratoriearbeid. På bakgrunn av innhenta data vurderer vi stabiliteten til grunnen, fare for utgliding, fare for setning og vurderer moglege sikringstiltak.

SGC har sentralgodkjenning i tiltaksklasse 3 for både geoteknisk prosjektering og uavhengig kontroll av geoteknikk.

Kunnskapsformidling

Med base både i Stongfjorden og Bergen har SGC høve til å arrangere kurs, presentasjonar, seminar og arrangement for team building med tematikk innan geologi og klima. Geologi er eit stort og spanande felt og med fagleiar og professor Atle Nesje i front kan vi skreddarsy program for alle typar deltakargrupper. Vi kan også tilby fagleg rådgjeving til utdanningsinstitusjonar og turistnæringa.

Har du spørsmål?

Kontakt oss på telefon 982 25 951 eller send ein e-post til post@sunnfjordgeocenter.no.

Du finner fleire kontaktopplysningar på kontaktsida.