Personvernerklæring for Sunnfjord Geo Center AS – Sunnfjord Geo Center

Personvernerklæring for Sunnfjord Geo Center AS

Behandlingsansvarleg
Dagleg leiar er på vegne av Sunnfjord Geo Center AS behandlingsansvarleg for selskapet si behandling av personopplysningar.

Personopplysningar som lagrast
Vi lagrar følgande personopplysningar om våre kundar;
Namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse.

Formål med behandlinga
Vi behandlar opplysningane for å kunne gjennomføre våre forpliktingar etter avtale med deg.

Grunnlaget for behandlinga
Informasjon om namn, adresse, telefon, e-postadresse nyttast for å oppfylle kjøpsavtalen, eller for å gjennomføre tiltak på den registrerte sin førespurnad før avtale er inngått. Grunnlaget for denne behandlinga er personvernforordninga sin artikkel Art 6(1)(b).

Innhenting av personopplysningar
Vi lagrar dei personopplysningane du har gitt oss på e-post, telefon, eller via kontaktskjema på våre nettsider i samband med din førespurnad.

Utlevering av opplysningar til tredjepartar
Vi vil ikkje dele, selge, overføre eller på annan måte utlevere personopplysningar til andre, med mindre vi er rettsleg forplikta til det.
For å kunne oppfylle våre forpliktingar etter avtalen blir nødvendige opplysningar registrert våre system. Vi har databehandlaravtale med dei eksterne systemleverandørane vi nyttar.

Sletting av personopplysningar
Opplysningar vi samlar inn i samband med tilsettinga vil bli lagra så lenge det er nødvendig for det formål dei blei samla inn for.

Rettar for den registrerte
Vi behandlar dine personopplysningar i samsvar til personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Du kan kreve innsyn i og flytting av eigne personopplysningar, samt kreve retting eller sletting av opplysningar.
Det kan klagast til Datatilsynet på behandling i strid med reglane.

Informasjonssikkerheit
Vi sikrar personopplysningar ved både fysisk og virtuell tilgangskontroll, samt ved kryptering av sensitive delar av gitte opplysningar.

Google Analytics
sunnfjordgeocenter.no nyttar Google Analytics til å få informasjon om korleis denne nettstaden blir brukt. Google Analytics samlar inn trafikkinformasjon i ei anonymisert form ved hjelp av cookies. Informasjonen som blir samla inn på denne måten kan ikkje sporast tilbake til einskildpersonar.

Dei fleste moderne nettlesarar er innstilt til å akseptere cookies automatisk, men du kan sjølv endre desse innstillingane i din nettlesar. Om du ønskjer at cookies ikkje skal nyttast kan du endre innstillingane i din nettlesar slik at den automatisk avviser eller spør deg kvar gong ein nettstad forsøkjer å lagre ein cookie. Informasjon om korleis du gjer dette finst lett tilgjengeleg hos dei ulike nettlesarleverandørane, mellom anna via hjelpefunksjonen til den nettleseran du brukar.

Du kan finne meir informasjon om Google Analytics sin bruk av cookies her.

Kontaktinformasjon
Førespurnadar om kva opplysningar som er registrert, retting og sletting kan sende skriftleg til:
post@sunnfjordgeocenter.no