I dag er det fire medarbeidarar i geoteknikkavdelinga til Sunnfjord Geo Center, men vi er stadig i vekst og oppmodar både nyutdanna og erfarne geoteknikarar til å ta kontakt.
Som geoteknikar hos oss får ein delta i ein spanande kvardag med varierte arbeidsoppgåver, blant anna:
• Geoteknisk prosjektering; stabilitets- og setningsvurderingar, byggegroper, fundamentering, drenering og stabiliserande tiltak
• Datamodelleringar med bl.a. Geosuite og Plaxis
• Utarbeide boreplanar og delta på grunnundersøkingar
• Organisere laboratorieundersøkingar og tolke resultat frå desse
• Områdestabilitetsvurderingar
• Kvalitetssikring og rapportering
• Deltaking på kurs og konferansar
Geoteknikk er eit stort og viktig fagfelt og som geoteknikar i Sunnfjord Geo Center får ein høve til å vere med å vidareutvikle våre leveransar og ta del i nye marknader.
Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt.