Skredfare
Noreg har ein vanskeleg natur. Bratte og oppsprukne fjell, store lausmasseavsetjingar, nedbør og snøfulle vintrar kan utgjere trugsmål for busetnad og infrastruktur. Samstundes er vi eit desentralisert land der folk gjerne føretrekk å bu tett på naturen. Skredfare er difor noko mange må ta omsyn til i sine daglegliv.
Skredfareavdelinga til Sunnfjord Geo Center leverer kartlegging av skredfare i bratt terreng i samsvar med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine retningslinjer, med heimel i Byggteknisk forskrift. Feltarbeid utgjer kjernen i dette arbeidet. Kombinert med dei mest moderne programvarene for datasimulering, gjennomgang av litteratur, kart og klimadata og intervju med lokalbefolking utarbeider vi rapportar som kan nyttast i reguleringsplanar, byggesaker eller andre samanhengar.
Dersom vi konkluderer med at det skredfare i eit område kan vi føreslå og prosjektere sikringstiltak.
Flaumfare
Til liks med skredfare er vatn på avvegar noko vi i Noreg stadig må ta omsyn til. Globale klimaendringar vil truleg føre til meir ekstreme vêrhendingar og meir nedbør her i landet. Flaumfare, elveerosjon og endring i havnivå vil i større grad utgjere trugsmål i mange område.
Sunnfjord Geo Center sine flaumfarevurderingar gjerast i samsvar med NVE sine retningslinjer. Vi utarbeider her flaumsonekart som kan nyttast i reguleringsplanar og byggesaker. Også her er det grundig feltarbeid og sofistikerte modelleringsprogram som er den viktigaste metodikken. Vi kan også vurdere fare for elveerosjon og konsekvensar av endring i havnivå, med omsyn til klimatiske endringar, stormflo og bølgjepåverknad.
Dersom vi konkluderer med at det flaumrelatert fare i eit område kan vi føreslå og prosjektere sikringstiltak.
Ingeniørgeologi
Ofte må naturen tilpassast menneskelege konstruksjonar. Ein må gjerne skyte seg inn i fjell, fylle ut massar i sjø eller fundamentere på berg og lausmassar for at vi skal kunne leve og ferdast trygt. Ingeniørgeologi er faget som sørger for at dette vert gjort på den mest optimale måten. Også der det er påvist naturfare må ein gjere ingeniørgeologiske vurderingar for å sikre mot dette. Ingeniørgeologi er derfor eit bredt fagfelt, men det er dei same naturgjevne prinsippa ein må forholde seg til, uansett kva tiltak ein arbeider med.
Sunnfjord Geo Center har lang erfaring med prosjektering av sikringstiltak som bolting, skrednett, elveførebygging osb. Vi har erfarne ingeniørgeologar som stiller med rådgjeving der det skal etablerast fjellskjeringar, tunellar, opne bergrom eller fundament for konstruksjonar. Sunnfjord Geo Center har sentralgodkjenning i tiltaksklasse 3 for geoteknisk prosjektering og uavhengig kontroll.
I Stongfjorden har vi kontor under same tak som Norsk bergsikring, og vi har eit tett samarbeid med dette selskapet. Vi har stor tru på at ved å involvere sikringsentreprenør i ein så tidleg fase som mogleg, og ved å sjølv vere involvert gjennom heile sikringsprosessen, kan vi kome fram til dei beste løysingane for sikringstiltak og samstundes spare oppdragsgjevar for kostnader.
Geoteknikk
Noreg si glasiale fortid har etterlete seg grus, sand og leire langs våre fjordar og i våre dalar, og skal ein bygge på dette må ein vite at det er stabilt. Faget som handsamar slike problemstillingar kallast geoteknikk.
Sunnfjord Geo Center gjennomfører grunnundersøkingar som kan inkludere bl.a. totalsondering, kjernetaking, poretrykksmålingar og CPT-undersøkingar både på sjø og land. Vi organiserer også påfølgande laboratoriearbeid og utarbeider datarapportar som kan nyttast i planarbeid. Vidare i byggefasen gjennomfører vi geotekniske prosjektering i samsvar med Norsk Standard (Eurokode 7 og 8). Dette kan bl.a. inkludere stabilitetsvurderingar, setningsberekningar og prosjektering av fundament, støttekonstruksjonar og stabiliserande tiltak.
Vi har sentralgodkjenning i tiltaksklasse 3 for geoteknisk prosjektering.
Kvikkleire
Då innlandsisen trekte seg attende etter siste istid var det relative havnivået i Noreg høgare enn i dag, og etter kvart som landet heva seg vart det liggande att store mengder marin, salthaldig leire, spesielt på Austlandet og i Trøndelag. Saltet fungerer som eit stabiliserande lim mellom leirpartiklane, men i løpet av dei siste tusenåra har grunnvatn gradvis vaska ut mykje av dette saltet og gjort leira ustabil; kvikk.
Gjennom historia har vi sett mange ulukker knytt til skred i kvikkleire, det som kallast områdeskred. For å unngå at bygningar og infrastruktur vert utsett for dette har NVE laga tydelege retningslinjer for vurdering av områdestabilitet ved arealplanlegging i område med kvikkleire. Sunnfjord Geo Center gjennomfører slike vurderingar, som inkluderer både overflatekartlegging og i enkelte tilfelle også grunnboring.
Miljøgeologi
Der det er menneskeleg aktivitet vil det alltid vere ein fare for at naturen vert negativt påverka. Ved industriområde, anlegg, utfyllingar, jordbruksområde og liknande kan uønskte kjemikaliar kome på avvege og bli tatt opp i grunnen. Forureiningslova regulerer handsaming av denne trugselen og det er noko blant anna utbyggjarar må ta omsyn til.
Sunnfjord Geo Center har vore med på ei rekkje prosjekt for å vurdere forureining og tilrå tiltak mot dette. Då gjennomfører vi eit feltarbeid med prøvetaking og påfølgjande laboratorieundersøkingar og klassifisering av tilstanden til jordprøvane. Vi utarbeider rapport der vi tilrår tiltak for å forhindre utslepp eller minimere konsekvensane av utslepp.
Mineralogi
Noreg har store naturlege mineralførekomstar og lange tradisjonar for gruvedrift. Samstundes er det globale behovet for mineral er aukande. Ein ser dette både i etablerte bransjar som IT og kommunikasjon og innanfor den sterkt veksande industrien rundt fornybar energi, som solcelle- og batteriproduksjon. Med eit stabilt demokratisk styresett, velutvikla forvaltingsorgan og strenge reguleringar har Noreg høve til å leite etter og utvinne mineral på ein rein og berekraftig måte.
Sunnfjord Geo Center har fleire mineralogar med på laget og vi har erfaring med generell berggrunnskartlegging og målretta leiting etter ressursar. Vi tek på oss konsulentoppdrag for aktørar med leite- og/eller utvinningslisens for mineral og metall, i tillegg til bedrifter som driv med uttak av sand, grus, pukk, skifer, prydstein ol.
Formidling
Med base i både Stongfjorden og Bergen har Sunnfjord Geo Center høve til å arrangere kurs, føredrag, seminar og arrangement for team building med tematikk innan geologi og klima. Geologi er eit stort og spanande fagfelt og med fagleiar Atle Nesje i front kan vi skreddarsy program for alle typar deltakargrupper. Vi tilbyr også fagleg rådgjeving til utdanningsinstitusjonar og turistnæringa.